• mt-campingnorge.no
    • mt-campingsnoorwegen.nl
    • mt-campingsnorway.com
    • mt-campingplatzenorwegen.de
Kayaking Luster
Urnes Stave Church
Stegastein Viewpoint

Sognefjorden, fjordenes konge i Norge

Sognefjorden: Lengst – Størst – Høgst – Eldst

Den lengste fjorden, Sognefjorden, ligg midt i Fjord Norge og strekkjer seg heilt inn til foten av nasjonalparkane Jotunheimen og Jostedalsbreen. I Jostedalsbreen Nasjonalpark får du oppleva den største isbreen på det europeiske fastlandet. Jotunheimen Nasjonalpark består at dei høgste fjella, og den nasjonale turistvegen som går her, Sognefjellsvegen er den høgste fjellovergangen i Nord Europa. Levande bygdesamfunn byr på ekte kulturopplevingar. Urnes Stavkyrkje er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste.

Fjordbygder

Ein tur langs Sognefjorden tek deg med på ei reise frå eventyr til eventyr der du opplev vill og vakker natur, idylliske fjordbygder, spennande aktivitetar og fjordnær overnatting. Kvar bygd har si eiga spesialitet. I Vik finn du Gamalosten, i Leikanger har dei ein heilt fantastisk honning og i Flåm og Årdal finn du bryggeri som produserer nydeleg drikke. I Balestrand kan du vandre i ciderens rike og i Gudvangen kan du besøke Vikinglandsbyen Njardarheimr. Sogndal er kjent for Fjellsportfestivalen, laussnø, fotball og produksjon av saft og syltetøy. I Fjærland kjem du kloss på breane og kan utforske Norsk Bremuseum, Den Norske Bokbyen, Brævasshytta og Fjærlandsfjorden.

Solvorn er perla ved Sognefjorden med små idylliske gater og kvite hus, og Walaker Hotel som er Norges eldste. Aurland er ei koseleg lita bygd med kort veg til Norges svar på Grand Canyonen, Aurlandsdalen. Lærdal er ein av fire reisemål i Norge som har oppnådd Merke som berekraftig reisemål, og her finn du Borgund Stavkyrkje og Gamle Lærdalsøyri med sine 161 verna trebygningar. For mer informasjon: www.sognefjord.no

Sykkel langs Sognefjorden

Nokre av dei finaste sykkelrutene i Norge ligg langs Sognefjorden der du kan sykle Den Romantiske vegen, leige sykkel til UNESCO Urnes Stavkyrkje, oppleve den verdskjende Rallarvegen mellom Flåm og Myrdal eller sykle langs fjordstien i Sogndal.

Vandring ved Sognefjorden

Rundt Sognefjorden finn du nokon av de vakraste og mest populære område for fotturar og toppturar i Norge. Jotunheimen Nasjonalpark, Brevandring, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Keipen i Balestrand, Utladalen i Årdal, Kongevegen i Lærdal, Stølsheimen i Vik og mange andre merka turløyper i Sognefjorden.

Kajakk og RIB

Bli med på ein tur innover den imponerande Sognefjorden. Nyt den storslegne naturen frå RIB-båtane der guiden om bord stoppar for å sjå etter sel, nise og ørn. FjordSafari Norway i Flåm, Balestrand Fjord Adventure:

Adventure Tours i Skjolden, Luster Nature Guides i Solvorn og Amazing Fjords tek deg gjerne med på tur.

Med kajakk glir du stille og miljøvennleg på fjorden. Du kan kjenne på det friske vatnet i Sognefjorden og sjå nisene leika rundt kajakken. På Styggevatnet øvst i Jostedalen kan du delta på padletur blant isfjell, heilt inn til brekanten – det vatnet møter isen. Bli med på kajakk tur i Balestrand, Flåm, Fjærland, Jostedalen, Marifjøra, Sogndal og Årdal.

Attraksjonar

Hovudattraksjonen i Sognefjorden er naturen, og alt som knyter seg til den. Sognefjorden byr på ein svært variert natur med vidope fjordlandskap, frodige dalar, tronge fjordarmar, massive fjellrekkjer og blåe brear. Her finn du Flåmsbana som har blitt kåra til verdas beste togreise:

Norsk Bremuseum, Breheimsenteret, Friluftsmuseet De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, Jostedalsbreen og fleire stavkyrkje der blant anna Urnes Stavkyrkje står på UNESCO si verdsarvliste.

Camping ved Sognefjorden

I Sognefjorden finn du mange idylliske campingplassar der du kan sette opp telet ditt, parkere campingbilen eller leige deg ei koseleg hytte. Campingplassane er eit godt utgangspunkt for allsidige aktivitetar både på fjorden og i fjellet. Len deg tilbake og nyt naturen og atmosfæren.

Campingplasser sørsiden av Sognefjorden (fra havet mot innlandet):

  • anbefales

    Campingplasser i Vestland (Sogn og Fjordane)

    Vang Camping Gudvangen

    Liten campingplass i veldig imponerende omgivelser med flotte fjell og kjempestore fossefall langs E16 mellom Bergen og Fagernes. Ligger også i nærheten av Nærøyfjord.

  • anbefales

    Campingplasser i Vestland (Sogn og Fjordane)

    Undredal Camping

    Denne lille campingen med bare 27 campingplasser og en sanitærbygning ligger sentralt i den koselige bygda Undredal. De fleste fasiliteter finnes der, og alt er innen gangavstand.

  • anbefales

    Campingplasser i Vestland (Sogn og Fjordane)

    Flam Camping og Vandrarheim

    Vakker beliggenhet med en utsikt over den verdensberømte Flåmsbana og cruise skipene som ankommer daglig. Sanitæranlegget er velholdt. Stedet er virkelig vakkert.

  • anbefales

    Campingplasser i Vestland (Sogn og Fjordane)

    Laerdal Ferie og Fritidspark

    Sentralt beliggende mellom Oslo og Bergen finner man denne velholdte campingplassen med gangavstand til den gamle byen Lærdal. Campingen har utmerkede sanitærforhold.

  • anbefales

    Campingplasser i Vestland (Sogn og Fjordane)

    Borgund Hyttesenter og Camping

    Campingen har en sentral beliggenhet ved E16 mellom Oslo og Bergen. Den er liten, med flotte hytter og campingplasser på gress, og ligger 25 km fra Lærdal sentrum. Du får utmerket valuta for pengene.

Campingplasser nordsiden av Sognefjorden (fra havet mot innlandet):

  • anbefales

    Campingplasser i Vestland (Sogn og Fjordane)

    Kjornes Camping

    Denne meget velholdte campingen ligger rett ved Sognefjorden i en imponerende natur. Området har utmerkede sanitæranlegg. Her finner du campingplasser på flere terasser.

  • anbefales

    Campingplasser i Vestland (Sogn og Fjordane)

    Jostedal Camping

    Denne campingen ligger på et vakkert sted langs “rafteelven” Jostedøla. Dette er et ideelt utgangspunkt for flotte gåturer og besøk til Nigardsbreen og Nasjonalparker.

  • anbefales

    Campingplasser i Vestland (Sogn og Fjordane)

    PlusCamp Sandvik Gaupne

    Camping med vakker beliggenhet, flotte plener og utmerkede sanitærfasiliteter. Flott utgangspunkt for et besøk til Nigårdsbreen, stavkirken i Urnes og Jotunheimen.